Tilbake til hovedsiden
FIKSDAL IL
- Trimgruppa
- Bane/anlegg
FIKSDAL-FAKTA !
HOVEDSIDE
PORTRETTET (nye)
PORTRETTET (gml)
GJESTEBOK
SKJER I FIKSDAL !
F/R BALLKLUBB
FOTOALBUM
NETT-TIPS!
F/R JANITSJAR
30+KLUBBEN
FIKSDAL VEL
FIKSDAL SMÅBÅTLAG
LAURDAGSKLUBBEN
KYRKJELYDSHUSET
FIKSDAL VASSVERK
FIKSDAL KYRKJE
OPPVEKSTSENTER
KVINNEFORENING
MISJONSFORENING
F/R BARNEKOR
FIKSD. SKYTTERLAG
FIKSDAL MANNSKOR
BYGDAHEIM
FORUM
SPONSORER
SJØMANNSFORENING
FIKSDAL BEDEHUS
 
 
  Aktiviteter i september 2010
ma ti on to fr

 






Du er her: FIKSDAL IL

Fiksdal idrettslag



Fiksdal idrettslag er eit idrettslag i Vestnes kommune i Romsdal. Idrettslaget vart stifta 7.februar 1940.

FIL har flinke jenter og gutar som spelar volleyball. Dei har gjort det bra i fleire cupar og turneringar den siste tida.

Laget har ei aktiv trimgruppe, som arrangerer:

- Vestnesmeisterskap i terrengløp
- Bakkebeinaren, turmarsj
- Sykkeltrim 1.mai
- Turpostar i fjellet
- Skirenn
- Nissemarsj
- Aktivitetar i gymsalen


Laget har eit tilbod til både barn, unge og vaksne.
Fiksdal idrettslag driv nettstaden fiksdalil.no, som er ein nettstad for heile bygda.

Ann Iren Fylling er leiar i Fiksdal idrettslag
Tlf. 41556844
E-post: annirenfylling@hotmail.com

I styret er desse med:
Raymond Aursøy, nestleiar
Laila Gjelsten, sekretær
Tanja Gjelsten Løviknes, kasserar
Heidi Nakken, styremedlem

E-post til nettredaksjonen: fiksdalil@gmail.com


L

JOKER BYGDABUA FIKSDAL ER SPONSOR FOR FIKSDAL IL



Tore Gjelsten (t.v.) var leiar i Fiksdal idrettslag i 2009.

Her er årsmeldinga frå trim- og friidrettsgruppa, som vart lagt fram på årsmøtet i Fiksdal IL:

Året 2008 starta med sykkeltrim 1. mai mellom Fiksdal og Rekdal. 98 stk melde seg på i Fiksdal. 1.premien var ein sykkel som var sponsa frå Sykkelreperatøren på Vatne og Fiksdal IL. Henny Gjelsten vann sykkelen.  



Turpostane vart utlagt i terrenget frå 1.mai og utover. Oterskaret, Melskaret, Tverrfjellet, Skjeringsvatnet, Rekdalshesten, Gjelstensetra, Mellia, Fjøsane, Skogsveg mot Trolldalen og Skogsveg ved Råket var plassane for 2008. 
 

Terrengløpet i lysløypa vart arrangert torsdag 28.august. 48 stk stilte til start. Det var 4.gongen terrengløpet vart arrangert i Fiksdal. Dei to siste åra i lysløypa. 
 



Bakkebeinaren 2008 gjekk av stabelen 21.september. 122 små og store stilte til start. Nytt av året var salg av kjøtsupe på skulen. Det har vore etterlyst varmmat i fleire år, og dette var eit prøveprosjekt som var populært. 
 



Barnas turmarsj vart arrangert 3. november. Seksti små og store var med denne litt regntunge novemberkvelden. Med lommelykter, gode kle og eit bål som varma framme ved sauekveet, gjorde at stemninga var på topp. 
 



Nissemarsjen og premieutdeling av turpostar 2008, vart arrangert fredag 8. desember. Litt dårleg planlegging gjorde vel sitt til at ikkje so mange møtte opp denne kvelden. Premiane for turpostane vart delt ut på skulen. Det var ein person som hadde gått alle turane, og det var Mareno K Nakken. 
 



Volleyball:

J 14: Trenar her har vore Geir Sørvik. Dei har hatt treningar tirsdagane.Det har vore omlag 10 jenter på trening i denne gruppa.
J 12: Trenarar her har vore Randi Henriksen og Line Gjelsten. Det har vore 10-15 ungar på trening denne hausten.



Nye overtrekksdressar: Det vart bestemt å bestille overtrekksdressar til denne gruppa aktive ungar. Vi fekk ikkje sponsorar på dressane, men eit tilskot frå Sparebanken Møre på 10.000. Vi har fått 20 prosent rabatt på bestillingar frå Tomra konfeksjon, samt gratis trykk og brodering. Alle barna har fått tilbud om å kjøpe dressar privat til kr 200,-  eller til å berre låne dressane. Det er ingen kjøpetvang. Men det er fint under turneringar at alle er likt kledd. I tilllegg vart det bestilt baggar til alle, med brodert FIL på. Desse er til låns eller til salgs.

Nytt draktsett til den minste gruppa vart sponsa av Tomrefjord Rør og Montering.

Cupar i 2008: 15. november i Idrettens hus. Vi stilte med 4 lag. Dei to eldste laga vann 1. og 2. plass på Molde!  



Step: Silje Tomren og Lisa Tangen har hatt step i gymsalen i haust. Det var bra med oppmøte i starten, litt variert utover. Men eit flott tilbud til alle i bygda. 
 












L

JOKER BYGDABUA FIKSDAL ER SPONSOR FOR FIKSDAL IL

Norge Tyskland

Fem milliardar
fiksdalingar
Sjå TV-innslaget på NRK alle snakkar om!

Les nettartikkelen på NRK Møre og Romsdal.